onsdag 27. oktober 2010

Lundeneset - 1. Hospitering i År!

Hei, bloggen!

I dag har eg vert på mi fyrste hospitering i år! Eg besøkte internatskulen Lundeneset VGS som ligg i Ølensvåg. Eg måtte stå opp klokka 06:30 (gjett om eg var trøyt!) og gjorde meg klar til klokka var 07:20. Då fekk eg skyss opp til Busshaldeplassen kor eg og venta på bussen med andre elevar som skulle utover til Ølensvåg. Me kom fram til Lundeneset klokka 08:10 trur eg og blei plassert meg Vg2 elevane. Me fekk litt informasjon om skulen og linja "Service og Samferdsel" før me blei delt i to og fekk omvisning rundt heile skulen.

Det var både interessant og nyttig informasjon. Me fekk sjå korleis dei budde og fekk høyra litt om korleis ting fungerte rundt der. Alt i alt synes eg Lundeneset var ein veldig koselig skule med veldig fine internat. Det er ein Kristen skule, som om den passar for meg er eg ikkje heilt sikker på, men eg fekk eit litt nytt inntrykk av korleis ting fungerer på ein internatskule.

Etter omvisninga gjekk me tilbake til klasserommet og fekk sjå korleis Vg2 elevane jobba med ungdomsbedrifta si og då klokka slo 11:00 gjekk me til lunsj i matsalen. Det var god lunsj og etter ein pause var me tilbake, men denne gongen fekk me vera med Vg1 elevane. Der fekk me vera med når dei skulle løyse ei gruppeoppgåve kvar som handla om reiseliv.

Då klokka var 13:45 avslutta me og eg tok bussen heim igjen. Alt i alt var det ein lærerik dag, men eg tvilar på at "Service og Samferdsel" er noko for meg. Eg er dessverre ikkje interessert i temaet, men det var kjekt å få sjå på skulen og no kan eg skrive opp "Service og Samferdsel" på lista for 'Linjer eg ikkje kjem til å ta'.

Eg er eigentlig ganske sikker på at eg kjem til å ta Medium og Kommunikasjon på Etne VGS, men eg har mykje eg skal gjennom i UTV faget i tiande klasse så eg kan framleis skifte meining ;)

- Stina

Ingen kommentarer: