onsdag 1. desember 2010

1. Dag!


Hei, alle saman (:

Fyrste dag på Ringo, den lokale lekebutikken på Etne Senter, var ganske kjekk! Eg og ein i klassen som heiter Bobby koste oss med å skanne varer og sette prislappar på enkelte varer. Eg fekk og prøve meg litt i kassa på slutten av dagen og observerte korleis ting blei gjort rundt meg. Ringo er ein veldig koselig butikk og sjølv om eg var sliten når eg kom heim så må eg sei at dagen gjekk overraskande fort! Eg byrja kl. 10:00 og var ferdig kvart over 16:00, men var utan Bobby frå 13:00 ti 16:00 om eg ikkje tar heilt feil.

Alt i alt koste eg meg på fyrste dagen ute i jobb (: Lekebutikkar er koselige :D

- Stina

torsdag 18. november 2010

Forberedelser

Hei, hei (:

Sorry for lite blogging i det siste, men heilt ærlig så er det ikkje mykje som skjer. Me forbereder oss til Engelsk tentamen i morgon og alle i klassen er snart klare for dei tre dagane i Desember me skal ut på jobb. Eg gleder meg meir til å jobbe i år enn i fjor. Kanskje fordi eg har veldig lyst til å jobbe på lekebutikken ;) Og å være journalist virka veldig travelt! Uansett, det blir eit kort innlegg, dessverre.

- Stina

mandag 8. november 2010

Litt av Kvart


Hei, Hei (:

Det har vert nesten to veker no og det beklage eg, men no har eg i alle fall litt å snakke om. Det blei ikkje til at eg for på hospitering den andre Onsdagen pågrunn av sjukdom, men det gjorde eigentlig ikkje så mykje. Eg har heldigvis fått meg jobb angåande hospiteringa; eg ska jobbe på den lokale Ringo butikken for det syntes eg virka kjempe kjekt. Eg har alltid syntes leker er stilig, så eg håpar eigentlig å få jobbe litt i lekebutikken på fritida og, men eg trur ikkje dei treng så mange fleire folk dessverre :/

Uansett, no har eg fått meg i jobb dei tre dagane i desember me skal ut og teste ut linja me valde og ellers så forbereder eg meg til Tentamen. Eg har norsk Hovudmål (Nynorsk) i morgon kvar eg skal skrive ein skjønnlitterær tekst og på Onsdag skal eg skrive saktekst (Sidemål). Har ei lang, lang lefse med tekst som eg må lese gjennom no, så det blir eit kort innlegg, men det var no eit i alle fall (:

- Stina

onsdag 27. oktober 2010

Lundeneset - 1. Hospitering i År!

Hei, bloggen!

I dag har eg vert på mi fyrste hospitering i år! Eg besøkte internatskulen Lundeneset VGS som ligg i Ølensvåg. Eg måtte stå opp klokka 06:30 (gjett om eg var trøyt!) og gjorde meg klar til klokka var 07:20. Då fekk eg skyss opp til Busshaldeplassen kor eg og venta på bussen med andre elevar som skulle utover til Ølensvåg. Me kom fram til Lundeneset klokka 08:10 trur eg og blei plassert meg Vg2 elevane. Me fekk litt informasjon om skulen og linja "Service og Samferdsel" før me blei delt i to og fekk omvisning rundt heile skulen.

Det var både interessant og nyttig informasjon. Me fekk sjå korleis dei budde og fekk høyra litt om korleis ting fungerte rundt der. Alt i alt synes eg Lundeneset var ein veldig koselig skule med veldig fine internat. Det er ein Kristen skule, som om den passar for meg er eg ikkje heilt sikker på, men eg fekk eit litt nytt inntrykk av korleis ting fungerer på ein internatskule.

Etter omvisninga gjekk me tilbake til klasserommet og fekk sjå korleis Vg2 elevane jobba med ungdomsbedrifta si og då klokka slo 11:00 gjekk me til lunsj i matsalen. Det var god lunsj og etter ein pause var me tilbake, men denne gongen fekk me vera med Vg1 elevane. Der fekk me vera med når dei skulle løyse ei gruppeoppgåve kvar som handla om reiseliv.

Då klokka var 13:45 avslutta me og eg tok bussen heim igjen. Alt i alt var det ein lærerik dag, men eg tvilar på at "Service og Samferdsel" er noko for meg. Eg er dessverre ikkje interessert i temaet, men det var kjekt å få sjå på skulen og no kan eg skrive opp "Service og Samferdsel" på lista for 'Linjer eg ikkje kjem til å ta'.

Eg er eigentlig ganske sikker på at eg kjem til å ta Medium og Kommunikasjon på Etne VGS, men eg har mykje eg skal gjennom i UTV faget i tiande klasse så eg kan framleis skifte meining ;)

- Stina

mandag 18. oktober 2010

Tilbake på Skulen



Jepp, der var ferien ferdig! Eg har kost meg mykje, sjølv om eg ikkje gjorde noko spesielt. Eg var for det meste heime og koste meg der med syskena mine.

No har eg gått tilbake til den normale hverdagen og skal byrje med lekser, prøver og alt mulig anna. Fekk tilbake Samfunnsfag prøven om Økonomi og eg fekk en 4-er xD Hadde eigentlig ikkje forventa full pott heller, så eg var ikkje skuffa. Eg syntes prøven var vanskelig uansett. Eg er betre når det kjem til Historie xD

Hospiteringa skjer no i Oktober og eg gler meg litt til å få sjekke ut "Service og Samferdsel", sjølv om eg er litt usikker på at det er noko for meg. Eg skal i alle fall skjekke det ut og håper på at det blir bra ;)

På Torsdag/Fredag skal eg ha Norsk framføring og innlevering så eg må nok jobbe litt med det ;)

- Stina

fredag 8. oktober 2010

Haustferie!

Wohoho!

Nå er det haustferie og ser verkeleg fram til ei heil veke utan skule, lekser eller framføringar! Engelsk framføringa gjekk strålande ;P Eg og Ingrid Helene (God vennine frå klassen) fekk topp-karakter og for første gong på lenge fekk eg 4+ på ein Matte prøve! :D Det er jo fantastisk deilig!

No ska eg slappe av og kose meg! I morgon vil eg te Haugesund og shoppa litt med jentene mine, og så håpar eg at alle som les dette får/har hatt ein deilig haustferie! :D

- Stina

onsdag 6. oktober 2010

Slitsam Veke, ass!

Hei, alle saman!

Fy søren eg er ikkje i skule humør! Eg har nettopp hatt ei engelsk innlevering, skal ha foredrag i morgon, hadde Spansk prøve i dag og etter haustferien er det ei Norsk innlevering og ei Norsk framføring -.- Så var det denne hospiteringa då, som eg trur eg skal på den 27. Oktober eller noko slikt. Eg har, som sagt, valt Service og Samferdsel, så eg trur at vil gjer det enkelt i år og velje meg ein butikk å jobbe på.

Eg har denne litle barnslege draumen om å prøve å jobbe i leikebutikk, så eg trur eg vil prøve å spørje om plass på "Ringo" på Etne Senter (: Det høyres kjekt ut!

Ellers, så skjer det ikkje så mykje. Eg ser fram til haustferien - som eg får når denne veka er omme - og eg gler meg til å sove lenge!

Ja, eg framleis trøyt -.- Go figure!

- Stina

tirsdag 21. september 2010

Zzzzzz...!


Hei, Hei!

Fy søren, det er mange i klassen min som er trøyte for tida! O.O Eg har ein viss teori om at alle tenåringar går gjennom ein periode i tenåra der ein er trøyt HEILE tida! Eg tuller ikkje. Eg har ikkje følt meg utkvilt på fleire månadar kjennes det som og skulen gjer det jo ikkje akkurat mykje betre, gjer det vell? Sjølv om min fyrste engelsk stil i 10.klasse gjekk bra så hadde eg ikkje vert overraska om det hadde gått rett i dass, for eg har store problem med å konsentrere meg for tida. Og no skal me ha matteprøve på Fredag òg :( Noooo!

For dei som ikkje veit det, så likar eg matte dårleg -.- Eg likar ikkje fag der du ikkje kan snakka deg fram til eit svar. For i matte så har du mest sannsynleg bare eit svar og det synes eg er utruleg kjedeleg! Men, eg er klar over at matte er VELDIG viktig, og ein 4-ar i matte er jo ikkje akkurat dårleg, så eg lid meg gjennom det ;)

Ikkje mykje anna nytt å melda ;P Snakkas!

- Stina

tirsdag 14. september 2010

Hei!

Hallo!

Det har vert litt travelt for meg for tida. Skulen kom litt brått på for å sei det sånn og nå som eg har fått ei brist i fingeren og så hadde eg litt andre ting å tenka på. Men, no skal eg prøve å bli betre på å blogga. I dag skreiv eg stil på skulen. Normalt sett ville det vert heilt okay, men i dag var eg så veldig trøyt og umotivert at det var skummelt.

Eg trudde seriøst at eg skulle svime av O.O

I morgon skal me sannsynligvis sjå Jurassic Park på skulen, om alle gjer Natur Fag leksene xD Me har òg fått vete kva dagar me skal reise på hospitering, så det blir spennande. Det blir eit kort innlegg i dag, men det generelt ikkje så mykje som skjer ;P Det største som har skjedd denne månaden er vell at eg har kjøpt tre par sko xD Hehe!

- Stina

torsdag 26. august 2010

Tilbake!


Hei, alle saman!

Eg er tilbake, kind of! Det har vert veldig travelt for meg og eg var veldig usikker på om eg skulle fortsette å skriva etter at eg slutta i 9. Klasse men eg skal vist blogge heilt til Desember, så dette blir spanande ;P Ja, eg er offisielt 10. Klassing nå og allereie har me bestemt kva utdannings program me skal på hospitering på i år. Eg tenkte først å sjekke ut Musikk, Dans og Drama, men då måtte eg ta bussen klokka 6 og heilt ærlig er eg eit skikkelig B menneske, så det ville gått dårleg for meg.

Derfor har eg bestemt meg for å sjekke ut Service og Samferdsel. Eg skal då besøke Lundaneset som er ein vidaregåande/internat skule i Ølensvåg. Eigentleg er ikkje den skulen heilt for meg, for eg er jo ikkje akkurat det man kallar for "kristen" og eg lurer på om det er sånn at om du går der MÅ du væra med på alle Gudstenestene og det veit eg ærleg talt ikkje om eg hadde fått til.

Det er Ikkje det at eg ikkje likar religion, for det gjer eg, men det hadde blitt for mykje. Eg kjedar meg nok som det er å bare gå ein gong kvar påske, jul og sommar gjennom av skulen. Men, om eg finn ut at denne skulen VIL EG ABSOLUTT gå på, då trur eg ikkje at Gudstenestene hadde vorte det som haldt meg borte.
Eg ser fram til å blogge meir, men det kan bli veldig travelt for meg dette halvåret! (: Eg håpar likevel at eg skal få blogge ofte!

- Stina (Som nå er 10. Klassing på ENGE SKULE!)

lørdag 29. mai 2010

Ellers... :P

Hei!

No sitte eg i sofaen heima, og ser på MGP Eurovision :) Det er mange utrulege flinke artistar, men eg er personleg ekstremt misnøgd med Norge i år. Didrik er søt nok, men synginga hans klarer eg meg fint utan. Det var no godt at Alexander Rybak vann i fjor, så me fekk vist at me har noko originalitet Norge og. Eg heiar no eigentleg på Ukraina, Tyskland og Island, men eg får sjå kven som stikker av med sigeren :)

No er eg ferdig med alle tentamenane mine. Eg fekk 3-ar på matte xD Det er ikkje mitt sterkaste fag, men eg ska no gjera mitt besta i 10. Klasse te å få 4 i staden for :P Så fekk eg 6- på Engelsk (YAY!) og har enno ikkje fått igjen Norsk tentamenane mine :)

Sommarferien nærmar seg og me blei nettopp ferdig med vår siste skriftlige prøve! :O No har me munnleg årsprøve igjen og så kan eg slappa av! :D

- Stina

søndag 16. mai 2010

Long time, No write

Hei alle samen!

No er det lenge sida eg har blogga og eg beklage det. Det har vert travelt rundt meg i det siste, men no trur eg ting byrjar å roe seg. (Sjølv om eg har tentamen både på Tysdag og Torsdag). Eg er no konfirmert (Jippi!) og gjett om eg hadde ein fantastisk dag. Eg fekk mykje pengar, flotte gåver og fekk ei fantastisk feiring med alle i familien min. Eg fekk talar og songar og hadde kjempe god middag på "Fønix", som er eit hotell/restaurant der eg bur :)

Bestemor hadde lagd ei nydelig marsipankake til meg og det var og mykje anna godt. Eg var nok mest begeistra for sitronkaka frå "Saltnesen Bakeri." Viss folk tar turen til Etne anbefaler eg denne kaka på det sterkaste! :D

Skulen går mot ein roligare periode no og det same gjer alt anna. Eg kan lukte at sommarferien nærmar seg! :D Eg skal ikkje mykje i sommar, men det gjer meg ikkje mindre glad for at dette skuleåret snart er over! Det blir spennande å sjå kva tiande klasse har å by på, men akkurat no skal eg bare konsentrere meg om at eg snart er ferdig med niande klasse! :)

Eg skal prøve å skjerpe meg og skrive meir i bloggen no som eg har mykje betre tid! :)

- Stina

lørdag 24. april 2010

Yrkes Messa!

Hei Alle Saman!

Her kjem blogg-inlegget av "Yrkes-Messa". Den gjekk kjempe fint og me koste oss (Spesielt sidan me fekk brownies etterpå) =)

Det var kjekt å få vise fram ting me hadde jobba med gjennom denne perioden og det var mykje kult å sjå på. Nokon hadde tatt med seg ein Robot, nokon hadde laga ei "fake" kake og mykje anna.

Eg tok mange bilete som eg håpar dykk drar litt nytte av! Det var ei nokså vellykka messe. Det var elevar som hadde vore på Omsorgsenteret, lokalavisa (Kremt, kremt, blant anna meg!), Gina Tricot og Bolia i Stavanger, barnehagen, Bakeriet, osv... Nesten alt hadde å gjera med skulane som me valde å sjå på!

Er ikkje så veldig mykje meir å sei. Se på bildene og følg bloggen framover ;D Blir litt lite å skrive om nå, men eg kan jo klage meg øve Tentamenar og eg kan sikkert blogge litt om Konfirmasjonen min!

- Stina











































torsdag 22. april 2010

Wow... innlegg! :D


Hei, folkens!

Det har vore eit kjempe styr å få posta noko i det siste, men no har et skjedd nok til at det ikkje blir eit kjedelig innlegg. I går var MOT-turneen innom og eg må sei det var eit utruleg bra opplegg. Det var song, sjonglering, dans og til og med ein liten konkurranse xD Eg fekk autografen til Askil Holm og Kenneth Aksnes og nå vil MOT offisielt ha eit dikt som eg har skrevet så det var ein kjempe kjekk oppleving. Eg likar MOT organisasjonen veldeg godt og synes at arbeidet dei driver med er kjempe viktig og positivt.

Og i morgon er det altså "yrkesmesse" :O Eg synes heilt ærleg at den kom utruleg brått på. Me har ikkje fått mange timar å jobba med han på men me får nå ta det som det kjem uansett. Det er ikkje slik at me kan skifte dato akkurat. Det er i morgon og slik er det. Det blir spennande å sjå korleis det blir, men eg satse på at det går bra :) Me samla eit par ting når me var på Grannar lokalet så me har jo litt å visa då.

Eg skal og ha ein PC der bloggen min skal visast :)

Det er og mykje anna som skjer for tida. Konfirmasjonen min kjem mot mot meg med stormskritt og eg gler meg skikkelig. For dei som ikkje veit det så tar eg Humanetisk Konfirmasjon og eg må sei at det eg ikkje angrar på vale mitt. Eg har vorte utruleg nøgd med heila greia og eg anbefale verkelig folk til å prøve det ut. Uansett, eg skal Konfirmere meg den 8. Mai så då blir det spennande å sjå koss det går. Eg har begynt å gå rundt i bunadskoa mine og har nå fått beskjed om at bunaden min er klar :)

Eg skal sjå om eg får begynne å legga ut fleire innlegg snart. Blir nok eit i morgon! Ønsk meg lykke til med "Yrkesmessa"!

- Stina

mandag 12. april 2010

Travel ! :(

Hei, folkens!

Denne veka har eg ekstremt lite tid så derfor unnskylder eg for at eg ikkje kommer til å oppdatere bloggen denne veka. Eg kan heldigvis sei at eg ferdig med rapportane mine for arbeidsdagane og hospiteringa, og derfor har eg spart LITT tid. Ja, bare litt. Eg går på noko som heiter "Drama" og me har framsying på Fredag, noko som gjer at eg kommer til å være på farten heile veka. For ikkje å snakka om at eg på Onsdag skal ha heime dag og lage middag, dessert og bakverk for heile familien.

Som sagt, det blir ei travel veke for meg og når me i tilegg legger til leksene mine håpar eg at dykk forstår kvifor det minkar med innlegg i bloggen xD Eg skal skrive meir etter denne veka og snart skal me jo ha denne "Mini yrkesmessa" så då blir det sikkert eit langt innlegg om dette.

-Stina

tirsdag 6. april 2010

Tilbake på Skulen!

Heisann!

Det har vert mange ting som har skjedd i påsken, noko som er grunnen til at eg ikkje blogget. Eg hadde blant anna besøk av slekta mi. Både på mamma og pappa si side, så eg hadde det kjekt, men lite blogging og eg ska sei heilt ærlig at noko som har med "Min Vei" å gjera ikkje trengte seg inn akkurat. Men no er eg tilbake på skulen og er nøydt til å skrive to rapportar -.- Ein for hospiteringa og ein for dei tre dagane eg var på jobb. Etter det skal me, som sagt, ha ei lita "Mini Yrkes Messe" for å vise 8. klasse kva me har gjort i det siste. Eg har ikkje starta med rapportane mine, men det kjem vel til meg i løpet av veka xD

Så er det tentamen på Torsdag (Engelsk) noko eg gleder meg til. Eg har ikkje mykje i mot tentamenar. Det er bare mattetentamen eg gruer meg som ein baby til kvart år, men den kjem heldigvis ikkje heilt enda. Eg har óg mykje anna som skjer rundt meg nå. Konfirmasjon, prøvar, lekser, fotballkampar osv...

Så det skjer mykje, men eg skal sjølvsagt blogge om det xD

I dag spelte me fotballkamp mot Vindafjord og tapte 3-1 -.- Men det kunne vel ha vert verre.
No skal eg kose meg med å sjå "A Very Potter Musical" på YouTube og så får me sjå om eg ikkje får gjort noko skulearbeid i morgon xD

- Stina

fredag 26. mars 2010

Tre dagar på Jobb!

Hei!

Eg hadde eigentlig planlagt å skrive kvar dag eg var på jobb, men det viste seg å bli velidig vanskelig. På Onsdag var eg så trøyt at eg trur eg sovna med ein gong eg kom meg i seng, medan på Torsdag dro eg til Haugesund rett etter jobb for eg skulle på Kurt Nilsen konsert med Elin Gaustad som gjest og kom ikkje heim før kl.23.00! Det var ein skikkelig konge konsert, men eg var så trøyt etterpå at eg stupte i senga.

MEN i dag har eg nok med tid! Det er endelig PÅSKEFERIE og eg har meir enn nok tid til å blogge, sjølv om det blir mest om meg og ikkje om det som eg faktisk held på med akkurat no. Men før eg kan ta ferie skal eg komme med ein kjapp oppsummering av dei tre dagane eg har vore i Grannar!


På Onsdag var det veldig travelt på Grannar-lokalet, og dermed var det vanskeleg for dei å gi oss arbeid, men det gjorde ikkje så mykje for eg fekk observera dei på grafisk-avdelig og fekk sjå korleis ei Avis er bygd opp og korleis dei gjere det. Med andre ord: Det var faktisk veldig interessant å berre sjå på! Men heilt til slutt fekk eg og Torbjørn frå klassen, som og var i Grannar, lov til å teste ut på "Indesign" og fikse litt på annonser.

På Torsdag derimot fekk eg litt meir å gjere. Då fekk eg og Torbjørn bli med på "Oppdrag" og ta bilete og intervjue. Me var journalistar rett og slett ;D Det blei veldig bra og me fekk tatt mange bilete og intervjuet blei vellykka, med litt hjelp frå ho som faktisk ER journalist og tok oss med ut på tur :)

I dag har fekk me skrive 2 Notis og deretter fekk me sjå litt kva Redaktøren held på med. Heilt til sist var eg tilbake på grafisk-avdelig og såg på når dei jobba med annonser og sider i avisa. Det er mykje jobb og eg såg at det var travelt rett før dei hadde deadline. Men eg fekk i alle fall sjå mykje av kva som skjer når ein lagar ei avis og eg blei veldig fasinert over korleis alt berre falt på plass.

Eg har og skjønt at eg må byrja å læra meg med Mac-PC fordi det kan kome til nytte ein dag xD Det kan vera veldig vanskelig å vera på ein slik jobb om du ikkje finn det spor ut av Apple-pc-ane dei har der. Heldigvis for meg har pappa blitt heilt "obsessed" med Mac, så då har eg fått lært litt når me har to i hus! :D

NB! Eg skulle gjerne ha lagt ut bilete som sikker mange ville hatt, men eg fekk beskjed om at bileta eg tok skulle ikkje publiserast på nettet og eg må respektere Grannar å gjere som eg får beskjed om! Det betyr og at det ikkje blei nokon filmsnuttar heller, men fortvil ikkje. Eg trur eg kan legga innpå litt bilete av den litle "Mini Yrkes og Utdanningsmessa" me skal ha på skulen etter Påske!

Ellers vil eg ynskje alle ei riktig god påske! Eg veit i alle fall om EI som skal kose seg i ferien!

- Stina

tirsdag 23. mars 2010

Dagen Før!

Heisann!

I morgon er fyrste dagen på jobb :O Eg skal jobbe for lokalavisa "Grannar", så det blir veldig spennande. Grannar har deadline i morgon, noko som vil seie at det blir mykje "skygging" på meg, men eg får gjere det beste ut av det. Skal holde meg mest på den grafiske avdelinga i morgon, men eg håpar jo at eg får sjå litt meir av arbeidsplassen enn bare den avdelinga. Eg veit ikkje sikkert om journalist er noko som passer for meg sjølv om eg liker å skrive. Eg skriver bare Fiction in fritida og eg likar ikkje spesielt godt å skrive saktekstar viss eg kan få skrive fiction på tentamen :P Tentamen er og noko som kjem opp snart. To dagar etter påskeferien, som me får på Fredag, så skal eg ha den siste Engelsk tentamen for i år. Eg gler meg faktisk. Engelsk er garantert eit av favoritt faga mine! Eg skriv Fiction på Engelsk nå, så eg håpar at Tentamen går fint! Og så håpar eg sjølvsagt at dei 3 dagane på jobb som eg skal ha går fint. Eg er eigentleg litt nervøs!

- Stina