onsdag 17. mars 2010

Etne Vidargåande Skule

Hellu!

I dag var eg på Etne VGS Media og Kommunikasjon! :D Eg koste meg kjempe mykje der og eg må sei at det er veldig interessant. Eg fekk prøva meg litt ut på "Photoshop" (Sjølv om det var litt vanskeleg) og eg har og fått testa noko som heite "Indesign" og "Illustrator". Dette er jo program som blir mykje brukt innan denne skulen og eg syntes det var utruleg kjekt å få prøve litt sånne ting ut.

På Media og Kommunikasjon i Etne får du generell studiekompetanse om du går alle tre åra, sjølv om du tar Medie-fag det siste året i staden for "Påbygg". Eg har veldig lyst til å gå på Media sjølv, men eg veit enno ikkje om eg ville tatt "Påbygg" det siste året eller ikkje. Heldigvis treng ikkje eg bestemme meg for noko heilt endå. Det er litt greitt viss du er heilt i tvil og går i 9.Klasse. Du har framleis god tid til å tenkje deg om.

Eg har tatt nokon bilete som eg legg ut her, men om eg får beskjed av nokon at dei ikkje vil ha dei der så skal eg med ein gong fjerna dei. Dette er for å gi folk litt innblikk i korleis Media og Kommunikasjon i Etne ser ut xD I alle fall det eg fekk til med kamera på den litt dårlege mobiltelefonen min.

Eg skal i alle fall ynskje meg eit fotoapparat til Jul xD Det treng eg verkelig


Bobby er ein i klassen min xD Her er han på PC-en til ein av Vg1 elevane!












Oddmund, Bobby og Odd Ivar frå klassen min leker seg med "Photoshop"! Oddmund syntes han var veldig flink!












Her har Bobby og andre frå gruppa hans redigert ei blåveis på Torbjørn (Som er ein til frå klassen)
























Her er eit bilete av klasserommet. Det var desverre det beste bilete eg hadde xD
Steffen er han som sitter fremst i bilete! Han er ein elev frå Vg1!



Her er Lars, elev frå Vg1! Han underviste meg litt i "Illustrator" og "Photoshop"! Eg trur eg kan trygt sei han ambefale Media-linja i Etne! :D

3 kommentarer:

Ingrid sa...

Det såg ut som du koste deg, Stina :)
Glede meg til å sjå meir av bloggen din!

Silje Marie sa...

Lars snoker på søstra sin facebook ! :o
bra blogg, Stina ! :)

Anonym sa...

Face e alltid kjekt. Ikkje sant lars? hehe(Y)