fredag 12. mars 2010

Kva skule?

Hei!

Andre innlegget mitt vil eg skal handle om kva skule det er lurt å ta. Akkurat no er eg eigentlig litt usikker på kva eg vil velje. Eg er utruleg interessert i Medium og Kommunikasjon, men det er og dette med å velje rett skule. Eg veit heller ikkje om eg faktisk har lyst til å bli noko innan Media. For det eg har mest lyst til er å kunne skrive heile livet. Min store drøm er eigentlig å gi ut ungdomsbøker og bli verdskjent for skrivinga mi. Det skal kanskje mykje til for å klare det men eg drømmer likevel.

Val av skule er jo veldig viktig. Eg veit sjølv at eg aldri kjem til å bli nokon lege, veterinær osv... pågrunn av min seriøse ANGST for alle ting som er på innsida av menneske kroppen! Det er jo ikkje det at eg ikkje likar å hjelpe folk, men eg hadde sikkert falt om viss eg måtte operere noko som helst og då er eigentlig vitsen litt borte xD

Eg var på besøk på Medium og Kommunikasjon, som eg sa i mitt første innlegg, og eg må sei det virke heilt knall! Eg elskar å drive med data og programmer som "Indesign" og "Photoshop", så å faktisk gå på skule å få undervisning i det virke bare heilt konge. Det er og intressant å sjå kva som kan bli lagt innan media med samarbeid frå elevane der. Me fekk sjå nokon filmar dei har laga og ein annan kjekk ting var jo at me fekk popkorn mens me såg på XD

Alt i alt så virke Medium og Kommunikasjon som ein plass for meg, men eg er langt frå ferdig med å finne ut av kvar eg høyrer heime. Eg er glad for at Utdanningsval er blitt eit så viktig fag som det er, for eg kan heilt ærleg sei at eg ikkje hadde ei einaste aning om kvar det var lurt for meg å gå før eg hadde dette faget på skulen.

- Stina

Ingen kommentarer: