fredag 12. mars 2010

Hei, så var det eg som skulle skrive i bloggen på MittYrke.no.Mitt namn er Stina og eg går på Enge Skule i Etne Kommune. Eg går i klasse 9A og er 15 år. Skulelivet mitt er ganske normalt. Skulen er frå kl.09.00 om morgonen og sluttar ikkje før kl.14.35.

Eg elskar å skrive og eg har valt å besøke "Medium og Kommunikasjon" nå som eg har faget Utdannings Val. Eg har allereie vert å besøkt skulen som underviser Media i Etne. Eg er veldig interessert i skriving og eg skriver praktisk talt heile tida. Eg har no blitt "valt" til å skrive blogg, så dette blir eit prøveprosjekt for meg. Eg har aldri skreve blogg før, men det blir interessant å prøve ut ;D

Eg skal prøve å blogge så ofte som muleg. Og eg håpar at dette blir ein vellykka blogg ;D

- Stina

Lagt inn av Stina kl. 06.51

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei Stina!
du gjere ein super jobb!
Elen